page view image

Vivaldi Gloria Myking kyrkje

Lindås songlag og Feiekostane framfører Vivaldi sin Gloria i Myking kyrkje. Dirigent er Ann Christin Hoen. Organist er William Key. Gjestar er Hanna Malena S Folkedal på trompet og Hedda Olea Hovemoen på piano.
Vaksen kr 300
Born under 16 år gratis.

Informasjon
event image

Gloria RV 589 i D-dur er eit kyrkjemusikalsk verk for blanda kor, solistar og orkester av Antonio Vivaldi. Komposisjonsåret er ukjent, men bruken av berre kvinnelege solistar tyder på at det vart til under opphaldet hans i Ospedale della Pietia, det vil si ca. 1716. Det var borte frå oppføringspraksis i fleire hundre år, men er i dag eit av komponisten sine mest kjente verk. Musikkverket er skrive til messeteksten som på norsk er Ære være Gud i det høgaste.

Konsert med Lindås songlag og Feiekostane i Myking kyrkje søndag 23.mars kl 18.00.